Bruviknipa

Fellestur

Dato
16. juni kl. 13:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur
Arrangører
Samnanger Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fellestur frå Båtaleitet opp til Bruviknipa (Brøknipa)

Oppmøte: Parkeringsplassen ved Båtaleitet. Ein kjører over Osterøybrua, der tek ein første avkjøring til høgre mot Bruvik, Fv360. Når ein kjem til Bruvik fortset ein å følgje Fv360 til venstre og fylgjer svingane oppover dalen til ein kjem til ein stor parkeringsplass. Dette er Båtaleitet. Ta kontakt med turleiar om du ønskjer å kjøre i følgje, eller om du har andre spørsmål.

Frå parkeringa ved Båtaleitet og opp til toppen 822 moh tar det omlag 1,5 t. Turen er 2,3 km lang. Parkeringa ligg på 342 moh, så ein må gå omlag 470 høgdemeter før ein er oppe på toppen og kan skrive seg inn i besøksboka. Frå toppen er det eit vidstrakt rundskue over Osterøy, i aust Bergsdalsfjella, i sørvest Gullfjellstraktane med fjellområder. Rett ned og djupt under; Sørfjorden med kyrkjestaden Bruvik.

Turen passer for turvante barn i skulealder (turen blir rekna som krevande for barn), ungdom og vaksne. Foresatte må sjølv vurdere om barnet deiras klarer denne turen.

Ta med mat og drikke, så tar me ein rast på toppen. Me tek oss tid til å utforska stiane på platået og nyte utsikta i alle retningar. 

Generelle vilkår du aksepterer ved å delta på turen: http://www.bergenoghordalandturlag.no/Generelle%20vilkår/

Turer kan måtte endres på kort varsel som følge av vær eller andre uforutsette hendelser. Sjekk alltid Facebook eller nettsidene våre for oppdatert informasjon i forkant av en tur.

Bruviknipa

Fellestur frå Båtaleitet opp til Bruviknipa (Brøknipa) Oppmøte: Parkeringsplassen ved Båtaleitet. Ein kjører over Osterøybrua, der tek ein første avkjøring til høgre mot Bruvik, Fv360. Når ein kjem til Bruvik fortset ein å ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Beate Aasebø
  • Torbjørn Storås